• facebook-square

© 2014 Norsk Frukt- og Laksefest webpages - Proudly created with Wix.com

Spinneret på Hjelmeland - Det gamle spinneribygget er restaurert som kulturbygg i Hjelmeland sentrum.

Bygget har ei rik historie. Gjennom mange år har folk i Hjelmeland drive variert næringsaktivitet. No er bygget tatt vare på og er i bruk til mange kulturelle aktivitetar og sosiale samkomer.

Spinneriet blei bygt i 1873–74. Det blei seinare brukt til mange formål. Først som ullspinneri der mange kvinner hadde sin arbeidsplass. Herav er også namnet ”Spinneriet”. Seinare mellom anna som handverksskule, jærstolproduksjon, smie, konservering, treskofabrikk, fruktsortering og til sist som trevareverkstad. I 1990 blei det selt til kommunen. Det er no restaurert til kulturføremål og her vert det ofte arrangert konsertar og tilstellingar. Mange vel og å feire merkedagar her så som årmålsdagar, bryllaupsdag og konfirmasjon. I inngangen i første etasje treff du på "Musikklaget på bedehuset". Ei skulptursamling laga av Haldis Nessa. I andre etasje ligg blant anna den vesle kafeen "Kaffegøyen". Her finn du også ein monter med miniatyrhus laga av Jone Austigard. Husa er nøyaktige modellar av eldre hus. Her finst også ein modell av fjordabåten ”Hjelmelandsfjord” som er laga av Gunnar Søyland.